Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Hentet fra
Årbok 1989

Av
Hans Jøsas og
Solveig Ness

SE OGSÅ:
Myrmannsbruk
i Vinne

(Av Morten Veimo)

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkene
Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
07.03.2011

 

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Myrmannsbruk i Verdal

Etter 1814 var del berre menn over 25 år som hadde stemmerett ved stortingsval, og av dei var det berre embets- menn, bønder og borgarar med borgarbrev. Dessutan også dei som hadde tinglese heimel på jordeigedom. Striden i Stortinget ut over i syttiåra såg ikkje ut til å ha auka interessa for politikk på bygdene. Det kunne vera fleire år- saker til dette. Somme stader var det strid mellom ymse grupper. Det var gode økonomiske tider, og det er vanleg at valinteressa følgjer konjunkturane. Sist i 1870-åra auka interessa for politikk også på bygdene, og då særleg på Austlandet og i Nord-Trøndelag.

Dei hadde då stemmerett dei som åtte ellei bygsla jord for lengre lid enn fem år. Grunnlova sa ikkje noko om kor stort, eller kva verde jordarealet skulle ha for å få stemmerett. Dette var årsak til at mange kjøpte seg verdelause jordstykke, gjerne myr. Andre fekk tinglese bygselkontrakter på slike jordstykke. Dei som kjøpte eller leigde slik jord for å få stemmerett, vart kalla myrmenn.

Vi kan sjå lin på femårsmeldinga frå amtmannen i Nordre Trondhjems amt for år 1876-1880. Meldinga syner at i Stjør- og Verdal fogderi var talet på matrikulerte bruk auka med 235 på fem år. For heile amtet var aukinga på 376. Etter amtmannen sin kommentar skyldes aukinga «for en ikke uvæsentlig Del Afhændelsen af Stemmerets- brug eller saakaldte Myrmandsbrug, hvoraf der findes flere i hvert af de 3 Fogderier, medens Utstykning af mat- rikulert Eiendom forøvrigt kun er foregaaet i meget ringe Udstrækning.»

Dei første myrmennene var folk med radikale interesser. Men då det leid på, fanst det også folk i frå konservativt hald som vart myrmenn.

Arne Garborg skreiv slik om myrmennene: «Før har det vokse lyng på heiane våre, no veks der det som betre er, myndige, norske borgarar.» Dei som skulle bli valt til stortingsmenn måtte kjøpe eller bygsle jord, så framt dei ikkje hadde stemmerett før. I 1884 vart grunnlova endra slik at det var berre jord som hadde ei verde på minst kr. 20,- som kunne bli matrikulert. Men dette fekk inga endring for dei mindre eigedommane som var matrikulerte før.

På Fleskhus vart det den 13. aug. 1878 frådelt i alt ti slike jordstykke. Ved skylddelinga vart kvart stykke set i ei skyld på 1 øre. Anders Larsen Fleskhus selte kvart jordstykke for ein pris av 40 øre.

Bruksnummer, namnet på jordstykket og namna på kjøparane var:

Br.nr. 3 Støkket - Oluf M. Bergmann, Verdalsøra.
Br.nr. 4 Rolighed - Fargar Jens Hansen, Verdalsøra.
Br.nr. 5 Prøven - Smed Petter Pedersen, Verdalsøra.
Br.nr. 6 Heimstad - Uldrik Knoff, Verdalsøra.
Br.nr. 7 Leiligheden - Snikkar Mikal Dahl, Verdalsøra.
Br.nr. 8 Nøisomhed - Garvar H. A. Kinberg, Verdalsøra.
Br.nr. 9 Rye - Jens Andersen Rye, Verdalsøra.
Br.nr. 10 Godset - Doktor D. Synnestvedt, Verdalsøra.
Br.nr. 11 Jarlheim - Bokbindar Gustav Hansen, Verdalsøra.
Br.nr. 12 Tilfredshet - Handelsmann Andreas Moe, Verdalsøra.

Somme av dei bygsla bort stemmerettparsellane sine. Bygselsummen var 40 øre og ei årleg avgift på 10 øre. Fleire selte parsellane sine, og årsaka kunne vera at dei hadde kjøpt eller leigd anna jord som dei hadde fått tinglese heimel på.

Dei nye jordeigarane på Fleskhus hadde nok aldri tenkt å bruke jorda si den vart kjøpt berre for å skaffa seg stemmerett, ser det ut til. Alt dagen etter frådelinga var karane samla på «Verdalsøren» og ni av myrmennene har med si underskrift overdratt bruksretten av sine «Gaarde» til den tiande - nemlig til eigaren av Roligheden - fargar Jens Hansen på hans levetid.

På det samme dokumentet har imidlertid fargar Hansen ført over bruksretten til Anton Sem, som var ein son av Anders Larsen Fleskhus. Men dette var i 1915, og då var Hansen ein mann på godt over 90 år.

Det er nokså uklart kvar helst på Fleskhus desse jordstykka låg. Truleg var det ved bustadhusa på sørsida av vegen til Soltun, nedover mot Myranes (Bjørnar Fikse sin eigendom i dag). Her vart det stukke torv før i tida, og jorda var billeg, men av dårleg kvalitet.

Men kven var dei så desse myrmennene på Fleskhus? Kanskje var det ein leiar mellom dei - ein som hadde føre- setnad og høve til å påverke folk, slik at flest mogleg nytta høvet til å skaffa seg stemmerett. La oss sjå litt på kvar enkelt av dei som åtte desse ti jordstykka.


Dokumentet som syner at fargar Jens Hansen hadde bruksretten til myrmannsbruka på Fleskhus.

Br.nr. 3 — Støkket
Som nemnd i innleiinga var den politiske interessa aukande på bygdene mot slutten av 1870-åra - m.a. også her i fylket. Ein av dei som truleg bidrog til dette var førstemann på lista over myrmenn på Fleskhus - Oluf M. Berg- mann.

Bergmann var nemleg redaktør for Nordenfjeldsk Tidende på denne tid. Som radikalt talerør for Venstre var det den som hadde dei fleste abonnentar i Verdal. Mykje kan difor tyde på at Bergmann var mannen som sto bak, slik at såpass mange skaffa seg stemmerett berre på Fleskhus sin grunn, til valet i 1879.

Oluf M. Bergmann vart fødd på Levanger i 1848 og var son av pottemakar Oluf Bergmann. Han gjekk i boktrykkar- lære og fekk sitt svennebrev i 1871. Som svenn hadde han arbeid både i Trondheim og i Kristiania - kanskje var det på den tid han vart politisk interessert.

Bergmann har truleg budd på Verdalsøra i to periodar - omkring 1879 og ein kort periode i 1903, da han sto for red- aksjonen av «Innherreds Folkeblad». Elles dreiv han som boktrykkar både på Levanger og Stjørdal, og han ga ut aviser på begge stader.

Men boktrykkaren frå Levanger hadde fleire interesser m.a. var han aktiv fråhaldsmann og var sterkt religiøst interessert. Han stifta fleire godtemplarlosjar m.a. var han med da losje «Fjell» i Skjækerfossen vart til i 1885. Han vart mykje nytta som talar og var «ein produktiv leilighetsdikter» som det heiter i ein nekrolog over han.

I 1881 vart Støkket eller Stykket selt til skreddar og handelsmann på Øra - Johannes Thomassen (f. 1829). Men alt året etter fekk ein Sefanias Johansen bygselbrev på denne parsellen. Det vart ikkje tinglese før i 1883 og da på «hans og kones levetid». Ja, slik står det å lesa i panteregisteret. Vi merker oss at i og med denne bortbygslinga vart enda ein stemmerett sikra.

I matrikkelen - både i 1891 og i 1907 heiter derimot eigaren/brukaren Sefanias Johannessen. Hen får vi problem med å identifisera myrmannen.

Ut frå folketeljingane 1875, 1891 og 1900 veit vi at det var svært få med dette namnet i Verdal. Truleg (men ikkje sikkert) er Sefanias Johannessen f. 1855, som seinare brukte navnet Kolshaug den rette.

Han var målar og frå 1886 og gardbrukar på Bjerkaker (Haug). Kona var Jørgine Sefaniasdtr. og dei budde på sine eldre dagar hos pleiedottera Signe Berg på Øra. Der døde Sefanias J. Kolshaug i 1937.

Vi er kjend med at ein mann med same navn - Sefanias Johannessen som også var målar, var eigar av ein parsell i Vinne frå 1884.

Sjå elles Morten Veimo sin artikkel om dette. Det kan sjå ut for at sjølv i det offentlege (panteregisteret og matrikkelen) har dei ikkje teke det så nøye med skrivemåten av etternavna.


Sefanias Johannessen Kolshaug (1855-1937) var truleg ein av myrmennene på Stykket, men i 1886 vart han eigar av Bjerkaker på Haug.

Br.nr. 4 Rolighed:
Den første myrmannen på Rolighed var stjørdalingen Jens Hansen f. 1824). Han flytta til Verdal frå Vefsn i 1867, og var fargar av yrke. Kona hans, Brynhild Arntsdtr. (f. 1817) var opprinneleg verdaling - frå Sulstua - og dette var kanskje noko av bakgrunnen for at fargar Hansen slo seg ned på Øra med sitt handverk.

Ved århundreskiftet budde Hansen i sitt eige hus Rosenvold i Nordgata på Øra. Eigedomen vart seinare kalla Austadgården, da John Austad overtok omlag 1911. Rosenvold var næraste nabo til Jensvoll, seinare Suulgården. Fargar Hansen var og eigar av Jensvoll ei tid, men seide den til Lovise Rygh tidleg på 1890-talet.

Av matrikkelen frå 1891 kan vi sjå at Adolf Hansen var eigar eller brukar av parsellen. Adolf Andreassen Hansen (f. 1852) var skreddarson frå ein heim øvst i Veita, seinare kalla Vibegården (Mikvolds vald). Av folketellinga frå 1875 går det fram at han var sjømann. Kanskje var det såleis impulsar utanfrå som hadde vekt hans politiske interesse?
Som vi har nemnt tidlegare satt imidlertid Jens Hansen med bruksretten for dei andre ni parsellane heilt fram til 1915. Samanhengen her er ikkje så enkelt å sjå i ettertid.

Br.nr. 5 Prøven:
Petter Pedersen (f.1835) kom frå Forbregdsvald og var gift med Mette Olsdtr. Dei fekk seg heim i Veita, og avdi han var smed, vart namnet Smedstua. Han var såkalla finsmed og vart til dagleg heitande Petter smed. Han dreiv elles litt jordbruk attåt og kjøpte i 1880 Riksvold saman med ein annan smed i Veita - Johannes Forberg.
Stemmerettsparsellen Prøven vart ikkje selt meir, han står på namnet til Petter Pedersen også i matrikkelen frå 1907.

Dotterdotter til Petter smed, Antonie Tronsen, var seinare m.a. eigar av Smedstua. Husa er framleis å finna i Veita.

Br.nr. 6 Heimstad:
Eigaren av denne parsellen, Uldrik Knoff (f. 1834) frå Trondheim, er nok meir kjend som handelsmann enn som myrmann. Han var medeigar i handelshuset Hegge og Knoff som i mange år dreiv forretning på Øra. Særleg langvarig vart derimot ikkje hans tid som myrmann på Fleskhus. I 1885 van Heimstad selt til Kristoffer Jakobsen, også han frå Øra.

Kristoffer var fiskar og hadde heim i Sørgata. (Bostad gnr. 19/70). Der budde han og kona Ingeborg enno ved år- hundreskiftet. Som ein liten kuriositet kan nemnast at dei hadde losjifolk og. Millom andre ein Peder frå Trond- heim. Folketeljinga fortel at han var «omvankende» og «Foreviser af et Glaamskab. Gaar under Navnet Ku-Per.» Ja, slik star det å lese.

Husa etter Kristoffer vart selt til skredder Hofstad, og seinare nedrive for å gi plass for Postgården, som S-laget reiste i 1965.

Inga Øvre gift Nilsen på Tinden og Hans Martin Øvre var barnebarn av Kristoffer Jakobsen, slik at det er stor etterslekt etter han.

Br.nr. 7 Leligheden:
Den første myrmannen på dette jordstykke var snikkar Mikal Dahl (f. 1834). Han var son til Johan Kristian Haldosen Dahl (fullmektig på Værdalsbruket) og soneson til den første veterinærutdana dyrlege nordafjells - Haldo Dahl frå Dillan.

Mekal Dahl var altså vukubygg, men busette seg seinare på Øra, der han åtte hus i Nordgata (Fridlund gnr. 19/23). Dahlgården vart i si lid flytta til Nordåkeren for å gi plass for Domus Varehus. Der vart huset bygd opp att og nytta som bolig for samvirkelagets disponent. Så Dahlgården er fortsatt med i gatebiletet på Øra.

Av matrikkelen frå 1891 kan vi sjå at Dahl har selt stemmerettsparsellen sin til svensken Nils Abrahamsen. Han var også handverkar på Øra Og dreiv bakeri i Gamle Storgate. Meir om han kan ein lesa i Årbok for Verdal Historielag frå 1978.

Br. nr. 8 Nøisomhed:
Det var Henrik August Kinberg som fekk skjøte på Nøisomhed 13/8 1878.1 matrikkelen for 1891 er Stinus Eide ført som eigar eller brukar, men i 1907 er Henrik A. Kinberg oppført. Henrik A. Kinberg døydde i 1879. og det er truleg at Stinus Eide då har leigd Nøisomhed for fleire år. Men då det i 1898 vart lovendring, og alle menn over 25 år fekk stemmerett, har vel Stinus Eide sagt opp leigeavtalen.

Henrik A. Kinberg vart født i Verdal i 1827, men faren var svenske. Frå tidlegare årbøker (1978 og 1986) veit vi at han hadde adskillige verksemder på Øra. Han var m.a. garvarmeister, stasjonshaldar og han hadde også ansvaret for «Postbefordring» ei tid. No får vi også høyre om han som myrmann.

Stinus Eide som vi alt har nemnd, er identisk med fargarmeister Eide som dreiv sitt handverk på Øra frå 1880 og til århundreskiftet.


Olava og Olaus Aagesen Rye. Olaus (1846-1930) dreiv mykje som omreisande handverkar og hadde oppdrag heilt utover til Stjørdal.

Br. nr. 9 Rye:
Som alle dei andre myrmennene på Fleskhus var også Jens A. Rye (f, 1823) busett på Øra. Han var snikkar av yrke og kom frå Byneset. I sitt andre ekteskap var han gift med Ingeborg Anna Jonasdtr, som var skreddar. Dei reiste til USA i 1881, og jordstykke Rye vart selt til skreddar og husmann Olaus Aagesen Snausengjerdet. Det formelle vart ikkje ordna med ein gong, for enno i matrikkelen for 1891 var det Jens som hadde heimelen, men i 1893 er Olaus oppført som eigar.

Like før århundreskiftet fekk Olaus Aagesen kjøpte plassen Snausengjerdet som han også kalte Rye. Det er tradi- sjon i slekta etter Olaus at Ryenamnet har kome frå Bynesset, og etterkomarane hans bruker Rye som slektsnamn. Mykje tyder på at tradisjonen her er rett. Myrmannsbruket Rye på Fleskhus fekk ei heller kort historie, men hus- mannsplassen Rye kan vi enno sjå, om vi berre tek ein tur til Verdal Museum.

Br. nr. 10 Godset:
Millom alle handverkarane som var myrmenn på Fleskhus var det også ein doktor - Andreas Svane Dich Synnestvedt. Han dreiv praksis her i Verdal frå 1870 og til 1883, først som fattiglege og frå 1882 som fast løna kommunelege.

Br. nr. 11 Jarlheim:
Gustav Andreassen Hansen (f. 1847) var bror av Adolf Hansen som var myrmann på Rolighed. Gustav dreiv som bokbindar på Øra på den tid han vart myrmann, og verksemda hans var såpass at han hadde ein "bogbinder-svend" i si teneste i følge folketellinga.

Seinare vart det handel hos Hansen. Ein av sønene hans, Eivind Elstad, førte den verksemda vidare, og husa finn vi lengst vest i Nordgata.

Ein gong før 1891 vart Jarlheim selt til Fredrik Nilssen. Han var født på Dillenget i Vuku i 1847, og er vel mest kjent som den første forstandar i Verdal Baptistmenighet og som baptistprest.


Gamalt bilete frå Fleskhus store. Stovebygninga er frå tidleg i 1840-åra, så den var truleg slik da ørbyggene kjøpte seg stemmerett her i 1878.

Som ung prøvde han seg i skomakarfaget, og var og dreng og handelsbetjent i Vuku ei tid. Da han stifta familie busette han seg på Ørmelen, der han dreiv som handelsmann i kolonial og manufaktur.

Fredrik Nilssens politiske interesse var ikkje berre eit blaff som førte til at han vart myrmann på Fleskhus. Nei, han sto på Venstre si liste ved kommunevalet både i 1907, 1910 og 1913. Han vart og innvald - i 1910 som medlem av formannskapet.

Br. nr. 12 Tilfredshed:
Den siste av stemmerettsparsellane på Fleskhus var det handelsmann Andreas Moe (1845-1926) som vart eigar av. Han var son av jektskippar, seinare politi på Øra - Einar Thomassen Moe. Han dreiv som handelsmann alt i 1875, men i 1891 hadde han agenturforretning og var dessutan "salonvert" og sjølveigar.

I 1882 vart Tilfredshed selt til målar Mikal Ydse. Det var nok fleire myrmenn her i bygda enn dei på Fleskhus. Men det er ikkje så greit og få i opplysningar om dei. Somme hadde berre bygsel eller leige av jord med ein tinglese heimel på over 5 år.

Andre kan ha kjøpt jordstykke som har vore så store at dei kan ha vorte tomter for bustadhus. Kor store stemme- rettsparsellane på Fleskhus var er ikkje granska. Men det fanst slike parsellar i andre bygder som ikkje var større enn ein kvadratfot. Lærar Johs Nordnes fortalte ein gong om ein mann på Øra som skaffa seg ein holme ute ved elva. Men denne holmen låg så lågt at floa gjekk over han. Folk fann moro i dette, og dei sa at han hadde ikkje stemmerett når det var flo.

Alle som hadde kvalifisert seg til å ha stemmerett måtte i god tid før valet gjera eid til konstitusjonen, l 1898 vart paragraf 49 i grunnlova tatt bort, og alle menn over 25 år fekk stemmerett. Først i 1907 fekk kvinnene stemme- rett. Men vilkåra var at dei dreiv sjølvstendig yrke, eller hadde ei viss inntekt. Eller at dei var gift med ein mann som fylte desse krava. Manntalet for kommunale val for Inndal og Sul krins i 1907 har 113 som har stemmerett. Av dei var det berre 34 kvinner. I 1913 fekk kvinnene same rett til l stemme som menn.

Kjelder:
Einar Musum: Verdalsboka.
Knut Mykland, redaktør: Norges Historie.
Matrikkelen for Verdal frå 1891 og 1907.
Kyrkjebøkene for Verdal.
Pantebok P. 1977-82 for Stjør- og Verdal Sorenskriveri.
Artikler i Verdal Historielags årbøker 1977, 1978 og 1984.
Amtmannens femårsmelding for 1876-1880 - Nordre Trondhjems Amt.
Muntleg tradisjon.
Folketeljingane.

....................................................................................
Av
Hans Jøsas og Solveig Ness.
Hentet fra Årbok 1989 (Utsolgt)