Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Hentet fra
Årbok 1989

Av Bjarne Slapgard
Foto: Roald Veimo

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkenee

Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
21.03.2011

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Sponkløyving og spontekking

Før sponen skulle leggjast måtte han bløytast.
Fra taktekking på Verdal Museum. Kursdeltakar. Foto: R. Veimo.
  Reia vart brukt til å setje nedste kanten av sponen mot. Fra taktekking på Verdal Museum. Kursdeltakar. Foto: R. Veimo.
I heimegrendene mine i Verdal hadde dei fleste husa spontak i oppvokstren min, kring 1905-1910. Somme vånings- hus hadde skifertak eller tak med hollandsk teglstein (hyller), men det vart nok eit mindretal. Sementsteinen hadde enda ikkje kome i allmenn bruk.

Det var litt av ei konst å laga gode spontak. For det første måtte det god material til, helst gran, men no og då furu. Veden måtte vera kvistfri og beinkløyvd. Klovningane måtte ha rett lengd og form, dei måtte kokast godt så dei vart lette å kløyve med sponkniven. Sponkniven hadde ei egg som måtte vera kvass og 20-30 centimeter lang, og på endane (tangane) var det gode trehandtak som nevane til kløyvaren kunne kvile trygt og støtt på. Sponen måtte ha høveleg tjukn, noko tjukkare i ryggen enn i buken. Det fall av seg sjølv, av di kubbane, som gjerne vart fire or kvar trelomp, vart smidde smale inn mot mergen. Ein vanleg takspon vart kring ein halv centimeter i ryggen, noko tjukkare dersom sponane var svært breie (10-12 centimeter).

Det var ikkje så lett å spikra sponen på så taket vart retteleg fint og godt. Vi skal i det følgjande sjå litt på kløyv- inga, stell med sponbuntane, og sjølve taktekkinga.

Sponkløyving
Når spontaka var seigliva og i bruk lenge, så hadde det fleire grunnar. Treet er lett og treng ikkje så gode tak- konstruksjonar som torv og stein. I barndommen min var torvtaka nesten borte. På stabbur, høybuer og gamle våningshus fanst dei. Dessutan vart spontaka billeg for folk som hadde rikeleg med skog sjølve. Spon var god å bruke på bratte tak. Vi brukte rett vinkel då vi rausta uthustak den tida eg var med på husbygging i unge år. Slike bratte tak sleppte ned vatnet lett og fort. Det var bra for sponen og levetida hans. Han tørkast fort og surna ikkje bort av væte. Det var nok stor skilnad på levetida til spontaka. Feit furuspon hadde lang levetid, kanskje 50-60-70 år. Grov fraugran levde nok berre halvparten så leng.

Det er ein særleg grunn til at kløyvd spon lever lengre enn tilsaga spon. Sponkniven føljer trefibrane og skjer dei ikkje av. Annleis med ei sag. Ho skjer av og bryt sund. Dermed rotnar saga spon fortare enn den kløyvde.

Ein kløyver kvistfrie lompar i fire eller fleire klovningar. Så høgg ein av spissen inn mot mergen noko. Borken må av, og det går lett i sevjetida om våren og sommaren, og det er helst då ein kløyver spon. Veden er då lett å skjera. Men vel å merke: etter kraftig koking i ei "storgryte" eller ein svær koparkjel. Så tek ein kubben rykande varm or kjelen og set han bort på ein stabbe med ei oppståande støttefjøl. Og så fram med sponkniven. Han må haldast på tvers av årringane, og så skjer ein spon for spon med god tyngd ovafra med kraftige nevar.

Eg fann ut at som regel var det tyngre å kløyve furuspon enn granspon, men det var og medverkande kor tett- vaksen veden var. "Myrgran" med tette årringar var mykje tyngre enn "fraugran" med store årringar. Men det vart dess sterkare tak av tettvaksen ved.

Sponen vart bunden i buntar. Det gikk for seg slik: To plankar vart lagde jamsides med rom for eit tau imellom dei. Der vart sponen lagd etter kvart med ryggen ned. Eit høveleg tal vart så rulla såman og samanbundne med tauet. Etter fast tilstramming vart det spent ein sterk streng ikring, og så var sponbunten ferdig til bruk eller lagring. Når så sponen skulle brukast, måtte han bløytast så han vart mjuk att, elles ville han ikkje tole spikringa.
Det vart noko skilnad på storleiken av sponbuntane. Å gi eit fast spontal i bunten er difor vanskeleg, med det vart fort nokre hundre, kanskje 300-500 eller noko meir.

Det vart brukt fleire slag spon. Eg har sett nemnt fire slag: Kyrkjespon, saga spon, kløyvd spon og høvla flis. Kyrkjesponen var kraftig og spiss. Høvla flis var mykje brukt i Gudbrandsdalen, og dei laga han med flishøvel.
Lengda på sponen kunne variere noko. Men kløyvd spon var oftast kring 12 tommar eller litt over 30 centimeter. Når ein så på taket laga skarv på 4 tommar, vart sponlaget tredobbelt.

Spontekking
Spontekking kunne vera litt av ei onn, og det følgde ofte liv og moro med dette arbeidet. Somtid var det og dug- nadsarbeid. Små og store kunne vera med. Frå gutane var i konfirmasjonsalderen, fekk dei prøve seg på å slå i spikar.

Ein av dei første gongene eg var med på skikkeleg Spontekking, var eg 14-15 år gammal. Det var hos John Sundby der Ola Grindberg var byggmeister for eit stort uthus. Det var om våren. Verdalselva var stor og grå og gikk full av tømmer. Vi måtte ro over likevel, og sant å seie var vi litt redde. Det var Eleseus Halsetbakken som rodde den flatbotna båten og kom vel over trass i at han var temmeleg vågsam. Inne i ei bakevje ved land låg ein stor stokk og lata seg i vegen for oss.

— Han tek vi! lo Eleseus og sette båten rett på han. Jau, stokken dukka såpass mykje at båten gleid over, og vi krabba glade i land.


Detalj frå spontak. Verdal Museum. Foto: R. Veimo.

Når vi tekte nybygde hus, la vi takfjølene etter kvart som vi kleiv oppover taket, og vi hadde stillaset innabords og stod på det. Vi brukte rei å setje nedre enden på sponen imot. Reia var laga av to fjøler og måtte vera snorbein. Oppe i reia var det så strødd sponspikar så det var lettvint å forsyne seg etter kvart. For det måtte ikkje vera stor heften med å ta ein spikar og slå sponen fast. Spikaren skulle stå ein liten centimeter frå ryggen og noko lunde midt på sponen. På det viset vart alle spikrane dekte. For når skarvet var kring 4 tommar, så dekte neste sponrad alle spikarhovuda, og såleis vart sponlaget tredobbelt.

Når vi tekte gamle tak, var arbeidet til dels farleg, for då måtte vi sitje på taket med føtene nedover reia, og vi måtte spikre ved sida eller somtid mellom føtene. Då var det bra at reia sat godt fast. Vi hadde gjerne trebogar på endane med kraftige spikarar i så reia kunne flytjast trygt og fast. Eg var med ein gong då reia laustna og for ned — "med mann og mus". Heldigvis var huset ei låg høybu, og vi hoppa ned på grøn mark heilt uskadde.

Vi sette vår ære i at omfara (skarva) skulle vera beine som ei snor. Vart det svingar, så ville det visast heilt ned på tunet for den som såg godt. Og slik skam kunne vi ikkje bera med oss heim!

Å slå på siste sponrada var ofte både spennande og slett ikkje ufarleg. Somtid måtte vi og kappe av siste spon- rada. Det måtte og vera samsvar mellom spon- kanten og kanten på mønsåsbordet, helst kring 4 tommar der og.

På reia var det avmerkt stykke for kvar tekkjar. og vi var ikkje gamle karane før vi ville ha like lange stykke som dei vaksne og vane karane, og vi tykte spontekking var eit triveleg arbeid.

T.H.: Stabburet er frå Bjørnmelen på husmanns- plassen på Verdal Museum er døme på spontekt tak.


.....................................................................
Av Bjarne Slapgard.
Hentet fra Årbok 1989 (Utsolgt)