Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Hentet fra
Årbok 1989

Av
Hans Jøsås

SE OGSÅ:
Husmannsplasser
i Leksdalen

(Av Jørgen Johnsen)

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkene
Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
09.03.2011
Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Husmannsplassen Mønnes-stykket

Mønnes-stykket er eit jordareal som ligg i mellom Tronesvollhaugen og Inna. I aust grenser det i mot Steinsholmen, og i vest mot sør Tronesvollen. Det er omlag seks-sju daa. Eldre folk har fortalt at det ein gong hadde vorte gitt til vester Mønnes som faddergave. Ein gong har det sikkert høyrt til nord Steine. Frå Mønnes vart det selt til A/S Værdalsbruket for kr. 600,-. Ole Levring på nord Tronesvollen har sidan kjøpt det, og sidan har det høyrt til Tronesvollen.

Då det høyrde til Mønnes vart det nytta som husmannsplass. Etter folketeljinga i 1865 budde desse på plassen: Bardo Andersen, husmann med jord, 51 år. Ingeborg Rasmusd. kone, 49 år.

Det var tre born som budde hos foreldra: Anders, Raphael og Anneus. Også i 1875 budde Bardo Anderssen og Ingeborg Rasmusd. på Mønnes-stykket. Borna som budde hos foreldra då var: Anne Marta og Anneus. Dessutan var dottersonen Anneus Anderssen på plassen.

Bardo Anderssen var fødd i 1815 på Bjørkvald. Foreldra hans var Anders Tørrissen og kone Anne Lorentsd. Ingeborg Rasmusd. var fødd i 1817 på Togstad (Prestegårdsvald). Foreldra hennar var Rasmus Pedersen Togstad og kone Maria Nilsd. Bardo Anderssen og Ingeborg Rasmusd. vart gift i 1843. Dei hadde fem born:

1. Anders Bardosen fødd på Bjørkvald i 1845. Han reiste til Sverige i 1871, og han vart gift der i 1877.
2. Anne Marta fødd på Bjørkvald i 1848. Ho reiste i 1877 til Østersund i Sverige.
3. Raphael Bardosen fødd 1851 på Sundbyvald. Han fekk i 1873 attest for utflytting til Jamtland.

4.


Bernt Bardosen fødd 1854 på Sundbyvald. I 1865 var han tenår hos Thore Gabrielsen Skjørdal. I 1875 var han tenår på øyster Ness. I 1882 fekk han attest for å reise til Sverige. Men han kom att til Ness. Ness var skyss-stasjon, og Bernt Bardosen var stallkar og delvis skysskar. Han brukte trefot, og han gjorde treføtene sine sjølv. Etter at han var død, fann dei fleire kasserte treføter etter han.

5. Anneus Bardosen fødd 1859 i Almenningen. I 1881 fekk han attest for å reise til Amerika.

Ingeborg Rasmusd. reiste til Østersund i Sverige. Der døydde ho i 1897. Ved folketeljinga i 1891 budde Bardo Anderssen aleine i ei smie ved Stubbe. "Smedjen" står det i folketeljinga. Det er fortalt at han dreiv litt med handel. Han hadde smia som kombinert snikkarverkstad og butikk. Då han var husmann dreiv han med bygningsarbeid, og han hadde mura murpiper av gråstein.

Til dagleg vart han kalla Pysjkallen. Årsaka var vel at Mønnesstykket vart kalla Pysje. Då var det vanleg at folk fekk ekstra tilnamn. Ein arv som også i dag er halde ved like i dalføret.

Bardo Anderssen vart dårlegare etter kvart, og på vårparten 1894 fann fattigstyret ut at det var best at han kom nokon stad der han fekk godt stell. Beret og Johannes Skansen lovte at han førebels skulle få koma åt dei. Seinare baud Jakob J. Molden at han kunne skaffe Bardo Anderssen kost og losji for 10 øre pr. dag. Det måtte vera svært billig. Bardo kunne ikkje vera noko umenneske å få til gards. Men fattigstyret fann ut at det var best at Bardo fekk vera i ro på Skansen. Der døydde han 26. desember 1894.

Bardo Ulriksen var ein som flytta utmed Inna. Han hadde vore på Moldenget, Nordenget og Bråttåenget. Ein gong før år 1900 fann han på at han skulle flytta husa i frå elva i staden for utmed elva. Han flytta dei då opp på Tronesvollhaugen, og han dreiv Moldenget, og så leigde han Mønnesstykket. 11912 døydde han på Tronesvoll- haugen. Husa hans vart då nedreve, og kona hans, Johanna Jonsd. flytta til Haugdal (Kristiansveet). Jorda på Mønnes-stykket har sidan vorte brukt av folk på nord Tronesvollen. For ei tid sidan vart husa på garden flytta opp på Tronesvollhaugen. Årsaka var ofte skade av flaum i elva.

.............................................................
Av
Hans Jøsås.
Hentet fra Årbok 1989 (Utsolgt)