Bjarne Slapgard til minne

I romjula fekk vi høyre den triste meldinga om at Bjarne Slapgard var gått bort. Bjarne Slapgard var æresmedlem av Verdal historielag sidan 1983. En av grunnene til at han ble utnemnt til æresmedlem, var hans innsats i det lokalhistoriske arbeidet.

Som forfattar nytta han ofte temaer frå Verdal lokalhistorie i sine romaner. På den måten opna han for mang ei historisk dør som elles ville ha vore stengt. En stor del av æra for at Verdal har et så aktivt lokalhistorisk miljø, fell derfor på Bjarne Slapgard.

Vidare var han en flittig skribent i Verdal Historielag sine skrifter. Vanlegvis var han blandt dei første som leverte stoff til neste årbok, og gjennom mange år er det mange sider historie som har kome frå hans penn.

Opp gjennom åra har Slapgard også skrive svært mange songer. Den mest kjente vil vel unekteleg være «Verdalssongen» eller «Vår eigen dal» som er den eigentlege tittelen.

Bjarne Slapgard var ei uuttømmeleg kjelde med store kunnskapar. Mang er dei gongene han har vorte ringt opp eller oppsøkt for at han skulle hjelpe med opplysningar. På fleire møter og tilstellingar var han hovudattraksjonen som foredragshaldar.

I en alder av over 90 år, køyne han regelmessig frå Levanger til Verdal for å delta i førebuingane til markeringa av 100-årsminnet for Verdalsraset. Han spara seg aldri.

I høve hans 90-årsdag vart det i urbok for 1991 trykt ein biografi kalla: «Målmann, venstremann, fråhaldsmann og lærar», ført i penn av Yngve Kvistad. For oss i Verdal Historielag blir det eit tomrom etter Bjarne Slapgard.
Vi lyser fred over hans minne.

 

..............................
Hentet fra Årbok 1998