Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Hentet fra
Årbok 1989

Av
Einar Hjelde

SE OGSÅ:
150 års
skoleutvikling
i Verdal
(Av Helge Aksnes)


Ein gammal
skoleprotokoll

(Av Ronald Inndal)

Folkeskolen 100 år
(Av Bjarne Slapgard)

Lesebøker
gjennom 250 år

(Av Arnolf Lyngstad)

Erindringer
(Av Marius Blybakken)

Skolen før og no
(Av Kristin Egeland)

Stil fra 1890-årene
(Av Ole Røstad)

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkenee

Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
21.02.2011

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Fastskolen på Hellbakkom


Slik trur ein at fastskolen såg ut. Det er Steinar Berg som har komi fram til dette resultatet etter han har studert grunnrisset over skolen og vori på staden og målt opp.

I år er det jubileum i skolen, 250 år sidan skolelova av 1739 kom. Denne lova saman med innføringa av konfirma- sjonen 3 år før, skulle bli eit storløft for skolen og dermed folket, men i lang tid framover vart det berre eit møn- ster, da det synte seg at det var umuleg å få gjennomført lova i praksis. Lova sette som krav at det skulle vera ein fast skole i kvart kyrkjesokn, men den lova som kom 88 år seinare, i 1827, nøgde seg med at det "i et prestegjeld gives i det en fast skole, med mindre lokale omstændigheder måtte være til hinder, hvilket skal bedømmes av regjeringen." Så vi skjønar at det gjekk seint.

Folk var redde nye skattar, og mange kunne ikkje skjøna at det var naudsynt å gå 8-10 veker om året på skole når dei sjølv hadde greidd seg utan nevneverdig skole. Så biskop, prost og prest som skulle sette det heile i gang, måtte gå varsamt fram. Dessutan måtte dei utdana lærarar, og det var ikkje alltid lett å få tak i. Løna var lita og prestisjen låg for han som vandra frå gard til gard. Den einaste fordelen var at dersom ein hadde vori lærar i 7 år, skulle ein vera fri militærteneste.

Her i Verdalen var det prosten Brandt som i kraft av si stilling, gjorde opptaket til den første faste skolen. Han var prest her frå 1799 til han døydde i 1836 og frå 1812 den einaste presten i kommunen. Han skulle vera ein original, er det sagt, men som prest hadde han stor respekt. I studenttida hadde han vori med å skipa "Det Norske Selskap" i København.

I 1811 sende han søknad om å få utlagt 20-30 mål jord av garden Vest-Hellan til bruk for ein av lærarane i Vuku sokn. Denne garden var da utan brukar og skulle seljast, så det passa vel bra med denne søknaden, som vart innvilga. Men det drygde heilt til 1818 før det vart oppsett hus der. Så den 24. juli 1824 vart det gjort vedtak om fast skole. Det var forholdsvis tidleg. På Øra vart det fast skole i 1826, på Inderøya først i 1843, men Beitstaden hadde fast skole frå 1809 med Eidsvollmannen Sivert Bratberg som lærar.


Eit bilde frå Hellbakkom omkring 1920 tatt av Snekkermo. Krysset viser der skolen låg.

Det var brukaren på Hellan, Jens Paulsen Bjørken, som bygde skole- huset. Det var 16 alen langt og 12 alen breitt, altså 10 m langt og 7.50 m breitt i 2 høgder (23 omfar). I første høgda var det gang, kjøken, daglegstue og seng- kammer til læraren. I andre høgda var det gang, loft og kleloft til læraren og så sjølve skolerommet, 4.40 m x 4-70 eller omlag 20 kv.m stort. Det var ikkje mye, og trongt om plassen måtte det bli når det somme tider kunne vera opptil 30 elevar og læraren i tillegg, så ein skjønar det kunne bli lite med frisk luft.

Skolen skulle vera fast skole for gardane frå Ekra til Vangstad, i alt 17 gardar og 30 hus-mannsplassar. Medhellan var den gongen to gardar, Auststu og Veststu, og så var det ein Grunngard meir enn det er i dag. Vi som lever no kan nok undra oss over at skolen vart lagt på ein så liten sentral plass, så dei som budde nede i bygda søkte året etter om at fastskolen skulle bli nedlagt, men utan resultat.

Men tek ein omsyn til dei mange husmannsplassane, så vart det kanskje eitslag sentrum lell der skolen vart lagt. Vi kan berre nemne nokre av husmannsplassane: Ekersveet (under Ekra), Nersveet og Arnsveet og Støbsveet (Storvuku), Smatta, Brudalen, Josveet, Lassenget, Rognhaugen, Marenplassen (Vesthellan), Svedjan, (Medhellan) Hellsveet og Skavdalen (Austhellan), Grunnmoen, Lassjalet, Ågemoen, Slettdalshaugen, Smådølan og Innleggs- haugen (under Grunngardane). Og det er vel truleg at ungane frå Brengsberget, Jarlet, Haresveet og Nordsveet også gjekk på fastskolen, men vart elevtalet over 30 trong ikkje læraren å ta mot desse.

Så var det læraren på fastskolen. Han heitte Hans Olsen Efskind, var fødd den 12. september i 1778. Hans Jøsås har arbeidd ut ei slektstavle for Hans skolemester som syner at han var fødd på husmannsplassen Nord Ausken- neset, som låg mellom elva og husa som er på Tingvoll i dag. Foreldra var Ole Hansen Efskind og kona Beret Matiasdtr. Levringvald. I 3-4 årsalderen vart guten farlaus og mora gifte seg opp att. Han vart gift i 1802 med Brynhild Ellefsdtr. Ulvillen.

Dei hadde 5 born, ei av dei, Beret Marta vart gift med Erik Larsen Årstad, og dei var foreldra til m.a. Hans Guddingom (Verdalsboka IV, side 559). Vidare ein son, Ole som vart gift med Grete Petrine Holmboe, og dei kom til Bjørs- moen, og mellom dei 9 borna dei hadde var Edvard Olsen Bjørsmo (Eide) f. 1875, Ole Svartås f. 1887 og Harald Svartås f. 1899. Så det er nok nokså mange som kan føre slekta si tilbake til Hans skolemester.

Det har nok vori eit godt hode på denne husmannsguten frå Auskesneset, for 18 år gammal vart han tilsett som omgangskolelærar i 5. fjerding, gardane frå Hellan til Åkran. Opplæringa hadde han fått av Jakob Balgård som etter det Johs. Dahl skriv i Verdalsboka, skulle vera ein uvanleg godt utrusta mann. Men Hans var kanskje ikkje så langt etter, for i visitasbøkene fekk han m.a. dette betyget: "Han er en av de beste." Han var god til å føre penna: Skreiv dokument, førte møtebøker, styrde depotet i Vuku. Godt praktisk skjønn hadde han. Han teikna grunnrisset av skolehuset, målte opp jorda omkring og sette ned merke.

Eg trur at ein enno kan finne eit kryss i berget nedi Jordbærshaugen som Hans har hogge inn. Frå 1812 budde han i Liltenget og frå 1820 til 30 åtte han garden Midtgrunnan vestre (no gått inn i Austgrunnan). Som rimeleg var, så var ikkje Hans så viljug til å flytte oppå Hellbakkan, men da han førte vekk avlinga frå skolen, fekk han reprimande av bispen, slik at frå 1830 vart han nøydd til å ta bustad på skolen. Der var han til han døydde i 1843.

I ettertid kan ein nok undre på kva skole Hans stod for, om han greidde å smøre elevane med "åndens talg", for å sitere Bjørnson. Svaret er nok at det var ein religionsskole med disiplin og respekt, det siste er kanskje ein mang- elvare i dag. Vidare vart det undervist i skriving og rekning, og i lesing skulle dei nytte Fedrelandets historie og geografi. Så etter sin tid var dette bra.

T.h: Det fins ikkje bilde av Hans skolemester, men dette er gravstytta over han. Tegning av Steinar Berg. (Illustrasjonen er brukt før i Årbok 1982 s. 106.)

Straks etter at Hans var død, kom spørsmålet om flytting opp på nytt, og frå 1846 er skolen flytta til eit jordstykke av Ekra. Ein ny generasjon av lærarar med utdaning frå Klæbu seminar som var opna i 1838, stod klar til å ta fatt.
Så er Hans og fastskolen borte. Skolehuset vart kjøkkenet i Hellom, eit lite søkk i jorda viser der skolen stod. Men enno lever namna: Skolen, Skoldalen, Skollia og Hansdalen.

...............................................................
Av
Einar Hjelde. Hentet fra Årbok 1989 (Utsolgt)