Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Hentet fra
Årbok 1989

Av
Bjarne Slapgard

SE OGSÅ:
150 års
skoleutvikling
i Verdal
(Av Helge Aksnes)


Ein gammal
skoleprotokoll

(Av Ronald Inndal)

Lesebøker
gjennom 250 år

(Av Arnolf Lyngstad)

Fastskolen på Hellbakkom
(Av Einar Hjelde)

Erindringer
(Av Marius Blybakken)

Skolen før og no
(Av Kristin Egeland)

Stil fra 1890-årene
(Av Ole Røstad)

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkenee

Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
21.02.2011

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Den norske folkeskolen 100 år

Den gamle «Almueskolen» vart ei blanding av fast skole og omgangsskole. Skolelova frå 23.1. 1739 vart berre ei papirlov. Alt med «Plakaten» av 1741 vart det overlate til kvar sokn å stelle med skolen sin. Det var ofte å setje bukken til å passe havresekken. Det er nesten utriveleg å sjå korleis uviljen frå bøndene møttest med uviljen frå styresmaktene i den eineveldige staten. Resultatet vart på dei fleste stadene ein ring skole, veik og udemokratisk. Dei fattige fekk så å seie ingen skolegang, dei velståande fekk det betre, men slett ikkje bra nok. Til skolekassen vart det betalt 4 skilling pr. barn pr. år. Og dette tykte folk flest var for dyrt. Her i Verdal var det ei tid berre 2 lærarar. Dei kosta 20 riksdalar kvar for året. Og det tykte folk var meiningslaust dyrt og unyttig.

Ole Olsen Nerfåren, som sjølv var medlem av skolekommisjonen, tok på eit møte parti med dei som klaga over skoleutgiftene, og han brukte så grov munn at kommisjonen truga med å ta medlemskap og andre rettar frå han dersom han ikkje kalla attende det han hadde sagt. Så vidt vi kan sjå, gjorde Ole Olsen avbikt, og kommisjonen og Stiftsdireksjonen let nåde gå for rett.

Ove Guldberg, som leidde samansverjinga mot Struensee, tok hans plass og fekk tittel som statsminister i 1780, var svært opplysnings-fiendsk og har sagt dei klassiske orda om uviljen mot folkeopplysning: (sitat) «Mere kundskab gjør bonden hans stand ufordragelig og udbreder kun lede og kjedsomhed for det hårde og ensdannede arbeide. Det hele menneskelige kjøn tåler kun et visst mål av kundskaber, og enhver stand må derfor have sin visse andel. Det mere gjør drukkent.»
(Ove Høgh Guldberg 1731-1808)

Almueskolen var ein einsidig religionsskole, og fastskolane let vente på seg. Her i Verdalen vart opptaket til den første fastskolen gjort først i 1811. Ei skolelov frå 1816 gjorde skoletilhøva litt betre, men det var først i 1827 at Stortinget ved lova av 14. juli 1827 vedtok ei lov om «almueskolen på landet».


Utstyr for elev i 1800 årene. Griffelhuset, griffel, griffel- tavle, katekisme og forklaringa (spørsmål og svar).
Men embetsmennene arbeidde imot reformer, difor vart ikkje denne lova heller så god som ho burde, og ho skapte slett ikkje nokon folkeskole. Enno var mange samde med Guldberg: mykje opplysning for bonden var ikkje bra!

Lova kravde at det skulle vera fastskolar ved alle hovudkyrkjer. Og der det var industri med minst 30 arbeidarar, skulle det vera faste skolar. All skolepliktig ungdom skulle få skoleopplæring tre, eller i alle fall to månader, for året. Og skoleplikta skulle vare frå 7-8 årsalderen og fram til konfirmasjonen i 15-årsalderen. Alle born over 12 år og fram til 2 år etter konfirmasjonen, skulle ha plikt på seg til å møte fram til offentleg overhøvling i kyrkja. Skolen heldt det faste taket sitt som religionsskole. I skoletida skulle læraren ha fritt hus, mat og stell. Og han skulle ha ei løn på minst 80 kroner for året.

Dei faste faga både i omgangsskolen og dei faste skolane skulle vera: lesing «med forstandsøvelse», religion, song, skriving og rekning.

Det viktigaste ved denne lova var kan hende at det skulle grunnleggjast lærarskolar. Men skolen var framleis ein religionsskole med konfirmasjon til mål, og slett ingen folkeskole.

Med skolelova frå 1860 gjer styremaktene eit langt hopp fram mot folkeskolen. Fagkrinsen blir utvida, bygdene blir inndelte i skolekrinsar, skolane blir delte eller udelte, borna i delte skolar skal ha minst 9 skole veker for året, i udelte skolar minst 12 veker. I leseboka blir det tatt med lærestoff frå geografi, naturfag, historie o.a. Det vart og lovreglar for«"Den Høiere almueskole» i 1860. Men kvinner fekk ikkje rett til å arbeide som lærarar i skolen før ved ei tilleggslov i 1869.

III

Skolelovene hadde enda så mange veike sider at framsynte kvinner og menn arbeidde iherdig for ei ny skolelov. Folket vårt gjennomlevde på denne tida eit nasjonalt gjennombrot, så det oppdaga seg sjølv og verdet av vår heimekultur. Eventyra vart samla (Asbjørnsen og Moe), det nynorske målet såg dagsens lys (Ivar Aasen), folke- høgskolen vart grunnlagd (Anker, Arvesen, Chr. Bruun), stor dikting vart skapt (Vinje, Bjørnson, Ibsen), ny musikk steig fram (Bull, Grieg, Nordraak). I 1885 vart dei to riksmåla våre jamstelte («Landsmaalet» og «Det Almindelige Bogsprog»).

Arbeidarar og bønder reiste seg og kom med sine sosiale krav. Venstrepolitikken løyste opp embets- mannsveldet, og parlamentarismen kom. Det var naturleg at alt dette måtte føre til viktige reformer i skolen.

Og omsider kom så den viktige skolelova frå 1889, for 100 år sidan.
Vi skal her ta med nokre avgjerande framsteg som lovgivinga gjorde i 1889.

T.v.: Psalmodikon og boge brukt i songundervis- ninga før 1900. Harmodinium innkjøpt til skolen i Vuku.

Skolen heiter ikkje lenger «almueskole», men folkeskole, ein skole for alle samfunnslag. Alle born har same rett til fri opplæring. Føremålet med skolen skal vera å vera med på å gi borna ei kristeleg oppseding, og dessutan den allmenndaninga som folket bør ha.

Fagkrinsen skal vera: religion, norsk, rekning, skriving, song, geografi, soge, naturfag - og i visse tilfelle andre fag. Skolen er sjuårig, for born mellom 7 og 14 år. På landet skal kvar klasse ha ei skoletid på 12 veker for året. Heradstyret kan auke veketalet til 15, og i visse høve setje det ned til 9 veker for året.

Presten, prosten og bispen har rett til å ha tilsyn med kristendomsopplæringa. Men elles skal no skolen vera løyst frå kyrkja.

 

Folkeskolen skal ikkje vera nokon religionsskole. Presten skal likevel vera med i skolestyret. Over skolestyret står «overstyret» (Departementet).

Denne nye lova set større krav til klassedeling, til utstyr i undervisninga, til skolehus og til lærar-utdaning. Ho gir og høve til skiping av framhaldsskolar, som etter kvart vart ei verdfull skoleform.

I byane får borna rett til å gå på skolen frå 6½ års alder til dei har natt «skolens mål», men ikkje lengere inn til dei har fylt 15 år. Skoletida dei første tre åra av sju, er 18-24 timar for veka, seinare 24 til 30 timar for veka. Ferien skal vare 12 veker for året, men kan aukast til 16 veker.


Kateter og laustavle som var i bruk før elektrisiteten. Kiste for omgangsskole, brukt av Mikal Dillan.


Framigjennom åra har denne skolelova blitt brigda mange gonger. Eit viktig brigde vart gjort i 1915 då småskolen fekk 12 skoleveker for året og storskolen 14 veker. Den delen som vart kalla småskolen, var for born mellom 7 og 10 år, og storskolen dei 4 siste åra, for born mellom 10 og 14 år.

Etter desse vedtaka fekk så kvart barn i alt gjennom 7 år 147 veker skolegang.

IV

Om folkeskolelova gjennom mannsaldrane er reformert og brigda, så er hovudprinsippet ein fri folkeskole, lik for alle, tatt vel vare på, og etter at vi har fått 9-årig grunnskole.

T.v.: Vasstank, vassause, vaskerfat og vedkasse.

Ein annan ting som er viktig, vart og knesett i 1889: Læraren (dvs. skolen) skal ha vørnad for morsmålet til elevane og rette seg etter det i undervisninga. Enda om det ofte blir synda mot dette prinsippet, er det umåteleg viktig.

Dessutan har foreldra i den norske folke- skolen rett til, gjennom avstemning, å velje den språkforma skolen deira skal ha, bokmål eller nynorsk. Ved større skolar er det ofte no fleire parallellklassar. Såleis kan foreldre med ulikt språksyn få den opplæringa i norsk som dei helst vil ha. Det er ein menneskrett og ein verdfull demokratisk skipnad.

Ved 100-årsjubileet for skolelova 1889, har vi grunn til å takke dei framsynte kvinner og menn som den gongen satsa på framtida. Og det gir oss i vår tid ein appell om at vi og må byggje ein skole for vår framtid! Det er lett å føre for stuttsynt skolepolitikk, både når det gjeld innhaldet i skolen, og når det gjeld arbeidsvilkåra for lærarane.

Politikarane kring hundreårsskiftet hadde syn for at god lærarutdaning var viktig. Lovene som kom både i 1892 og i 1902 ber tydelege merke av det.


Utstyr for elev i mellomkrigsåra. Kuleramme, pensel, blekkhus, matdåse, lesebok og randsel.

I det siste har nok politikarane våre vore så sterkt opptekne av det som er framandt i kulturen vår, at dei har for- sømt somme ting i skolen, t.d. norskopplæringa, både i lærarutdaninga og i grunnskolen. Det trengst ei vakning på dette feltet. Somme tiltak i det aller siste syner nok at ei slik vakning er i farten. Gi at det kan lykkast! Det vil vera ein fin måte å halde 100-årsjubileum på.

....................................................................
Av
Bjarne Slapgard. Hentet fra Årbok 1989 (Utsolgt)