Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Hentet fra
Årbok 1989

Av
Ronald Inndal

SE OGSÅ:
150 års
skoleutvikling
i Verdal
(Av Helge Aksnes)

Lesebøker
gjennom 250 år

(Av Arnolf Lyngstad)

Fastskolen på Hellbakkom
(Av Einar Hjelde)

Skolen før og no
(Av Kristin Egeland)

Stil fra 1890-årene
(Av Ole Røstad)

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkenee

Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
07.03.2011

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Ein gammal skoleprotokoll

Gamle protokollar er alltid interessant lokalhistorie. Den 12. januar 1890 dyppa ein ikkje namngitt mann i Inndalen penna i blekkhuset og skreiv déi første linene i ein nyinnkjøpt protokoll etter at det frå sentralt hald hadde vorti bestemt at det skulle veljas tilsyns- utval ved skolane. Den første mannsalderen var det same proto- kollen for Stene, Inndalen og Sul krinsar. Seinare vart protokollen Garnes skole sin eigedom. Den første tida vart det skrevi korte referat med namna på dei som var valde. Seinare vart det fyldige referat, men siste lina vart likevel ikkje skrevi før den 12. januar 1972.

Sjøl om det er svært knappe referat den første tida, kan ein likevel lesa mykje interessant her. Sulinganne hadde møte først, og det første «Tilsynsudvalg» vart R. Nybygget, med 111 stemmer, Ole Karlgaard med 8 og Johannes Østgaard med 5.

T.h: Det tok 82 år å skrive full skoleprotokollen, og det er ikkje rart at boka er litt ullen i permane.

Den 2. februar var det møte i Stene. Her vart det einstemmig vedtatt at dei ikkje ville velja noko slikt «udvalg» om dei ikkje fekk sin eigen formann.

I «Indals kreds» var møtet den 9. februar, og her fekk «Veivogter» M. Fergeberg 180 stemmer.

Ole Svegjerdet og Kristoffer Indal fekk berre 11 og 7 stemmer, og fekk heller ingen tittel innført i protokollen. I den samanheng er verdt å merke seg at Mortinus Fergeberg var nytilsett som den første vegvaktaren i landet, med bustad i Vaterholmen.

Den 8. mars vart det nytt møte for Stene skole, og «Det bemærkes at dette Valg Skede efter ny Anmodning af Værdalens Skolestyre, skjønt den enstemmige Mening inden Kredsmødet fremdeles fastholder at der burde vælges l Formand og l Tilsynsmand for hver Skolestue».

P. Skjørdal fekk 7 stemmer, O. Kvello 6 og E. Stene 4. Etter det kan ein sjå at det berre var få tilstades på dette møte. På dei andre møta hadde tydeleg heile bygda møtt opp.

Dei fekk det tydelegvis som dei ville, for på neste side står referatet for 1891. Der er «Stene og Indals kredse» slått såman, på den måten at dei har møte i lag, og på eit møte seinare på vinteren vart alle einige om å gå såman, med den argumentasjon at det «blev bedre og billigere».

Opp gjennom åra er det stort sett berre val av tre tilsynsmenn som er protokollført.

Den første målkampen
I 1894 var det ei tilleggsak etter at Aneus og Kristoffer Indal samt Olaus Levring var valde til tilsynsmenn på eit møte på Garnes: «Skal skolens læse- og lærebøger være affattede på landsmål eller i det almindelige bogsprog, og i hvilket af disse mål skal elevenes skriftlige arbeider udføres?»

Det står ingenting om nokon argumenterte for det eine eller det andre, men i vedtaket står det at «Bogmålet ønskes bibeholdt i sammed utstrækning som hidtil, dog at der læses hvad der er anledning til af landsmål». I Sul vart vedtaket etterpå det same.
Same året vart det ein del uro om kor vidt ein skulle flytte småskolen ein annan stad, frå skolehuset på Levring til Oppheim eller Gudding.

I alle krinsane måtte ein ta stilling til ein omstridd pragraf, om «legemlig afstraffelse». Inndalingane syntes pragraf 74 var grei: «Legemlig afstraffelse ønskes anvendt i overenstemmelse med Loven». Årstad krins sitt vedtak er og ført inn i same boka. Der kunne slik straff utføras «i fornødent fald», og da skulle «tre medlemmer af tilsynsut- valget være tilstedeværende under straffens udførelse».

Pengar
I 1898 fekk skolane eit bankbidrag til deling. Pengane vart delte etter barnetalet, og den svimlande summen av kr. 29,18 vart delt slik: Kr. 14,59 til Garnes/Stene, kr. 8,-til Årstad og kr. 6,59 til Sul. På møtet i Sul vart det fatta vedtak om at pengane skulle bruks til «Skolebøger til Kredsens Skolepliktige børn».

Same året var det ny uro om inndelinga av krinsane igjen. Skolen på Garnes vart søkt om «at bibeholdes, da børnene i smaaskolen har det strit ved at gaa 5 km 2 gange daglig». Det vart argumentert med at dei små fekk «liden tid og liden kraft til at arbeide baade paa Skolen og i Hjemmet».

Norsk
Den 19. januar 1902 vart det reist «spørgsmaal» om det skulle kjøpas geografibøker «Paa skriftsprog eller lands- maal» ved Garnes skole. Denne gongen var det fleirtal for å velje landsmål. Seinare finn vi ingen ting om mål- kampen før den 9. juli 1908. Da hadde ein på mellomtida hatt dei nasjonale straumdraga rundt det som hende i 1905. På møtet heime hos Kristoffer Indal var det ei sak til drøfting: «Om landsmaalet som hovedsprog for under- visningen i folkeskolen». På det møtet vart det ingen som gjekk imot framlegget frå skolestyret.

I den samanhengen er det verdt å merke seg at protokollen framleis vart skrevi på dansk til den 24. februar 1929. Da var det Georg Tromsdal som skreiv dei første norske ord i boka. Den nye generasjon nordmenn var i ferd med å ta over, etter å ha lært sitt eige språk på skolen.


Ikkje alle kunne skrive namnet sitt rett i 1908.

Men ikkje alle som skreiv under vedtaket hadde lært så mykje at dei kunne skrive sitt eige namn rett. Likevel hadde det skjedd stor framgang, ettersom det langt inn i dette hundreåret var den same som skreiv inn alle namna.

Lærarmotstand
Tilsetting av lærarar og «lær- erinder» var på saklista fleire gonger opp gjennom åra. Ei lei sak vart behandla i september i 1902. Etter å ha sett opp tre menn på ei prioriteringsliste vart det ført inn at «Idet man er fult op- mærksom paa at lærer Johnsen er den ældste ansøger til posten skal man tillade sig at anføre at vi ikke har taget ham med på ind- stillingen, fordi de fleste af Kredsens indvaanere ikke ønsker ham i posten, og da man gaar ud fra at hans be- sættelse ville føre til et dårligt forhold mellem skole og hjem til skade for skolen har vi innstillet som anført». Nils Garnes førte vedtaket i penna, men denne læråren vart likevel tilsett av skolestyret, og var i bygda til han gjekk av ved oppnådd aldersgrense.

I Inndalen finn vi meir lærarstrid. Den 31. mars 1913 vart det «afholdtes kredsmøte i Garnæs Skolekreds til be- sættelse av Vikar i kredsen. P. O. Skjørdal var eneste ansøger. Med 11 mot 4 stemmer blir han ikke at antage. Mikkal Indal anmodes enstemmig om at Vikariere til Lærer Johnsen blir såa frisk at han kan overtage skolen».
Det var enno smått med folk med skolegong bak seg i bygda. Skjørdal hadde noko utdanning innan skogvesenet, men det var ein viss skepsis til å sleppe han til som lærar. Mikal Indal var på det tidspunktet ferdig med under- offisersskolen og landbruksskolen på Mære. Det var rekna som god utdanning den tida, og Mikal tok litt motvillig på seg vikariatstillingen.

Meir vikarproblem vart det i 1929. Frå det året står det å lesa i boka at det etter valget vart gjort «sovorent» vedtak: «Av omsut for skulen finn ein å må be lærarinne Signe Rygg om å la Marta Nordal få fortsette i Garnes skule ut skuleåret, da ein går ut frå at byte av lærarinnor - da det berre er 12 vikur skole - vil vera til skade for skulen».

Fattigdom
Sjøl om det gjekk tydeleg framover med alt innan skolen i bygda opp gjennom åra, er det lett å sjå at dei harde trettiåra gjorde det vanskeleg også på skolefronten. Den 13. februar 1932 var det einstem-mig vedtatt å sende ei bønn til kommunestyret om å halde fram med ordninga med fritt skolemateriell. «Slik som dei økonomiske forhold er i krinsen, med stor arbeidsløyse mellom arbeidarar og småbrukarar og låge prisar på jordbrukets salgsprodukter, vil størsteparten av forsørgarane ikkje makte å kjøpa dei skulebøker som trengs og som skuleplana fastset at borna skal hava. Ein stor part av skuleborna vil da verta utan lærebøker og soleis vanskeleg nå skulens mål».

Opp gjennom dei vidare åra går det tydeleg framover. Sakene dreier seg ofte om innsamling av pengar til ekstra- utstyr ved den nybygde skolen - som etter vedtaket skulle heite «Granly skole».

Den nye lærarheimen fekk det namnet, men krinsnamnet vart aldri anna enn namnet på den garden som sist hyste skolen.

Framover
Dei som skreiv i protokollen vart etterkvart meir penneføre og frie til å skrive litt meir enn vedtaket. Det ser ut som om det var først etter 1960 det vart sungi på slike møte. Ein song som ofte vart sungi til innleiing var «Dei vil alltid klaga og kyta». Det var og utlodding og filmframsyning etterkvart. Det står til og med kven som vann frukt- korga og tingen kvar gong.

Økonomien i bygda har vorti berre i dei åra foreldre har skrevi namnet sitt i denne hundre år gamle boka. I tillegg til at det vart råd til å kjøpe dyrt utstyr ved skolen kan ein og lesa om lange skoleturar som kostar pengar. På bak- grunn av dei fjorten kronene skolen fekk i nittiåra, er det godt å lesa at ein i sekstiåra hadde så mange pengar i skolekassen at lærar Jostein Furuset fekk gjennomslag for forslaget sitt om å avstå frå årleg basar og heller la andre lag i bygda få den inntekta. Det var da l.400 kroner i kassen, hundre gonger så mykje som det ein fekk frå banken i si tid…

.................................................................
Av
Ronald Inndal. Hentet fra Årbok 1989 (Utsolgt)