Søk på  historielagets hjemmeside.
Aktiviteter
Styre, utvalg og om historielaget..
Årbøker og diverse publikasjoner...
Kirkene i Verdal
Lenker
Minnesmerker og bautaer...
Verdalsraset...
Diverse presseomtale av historielaget...
Diverse saker...
Gate- og vegnavn i Verdal kommune
Kulturskatter...
Sagn og historier fra Verdal.

Hentet fra
Årbok 1989

Av
Kristin Egeland

SE OGSÅ:
150 års
skoleutvikling
i Verdal
(Av Helge Aksnes)


Ein gammal
skoleprotokoll

(Av Ronald Inndal)

Lesebøker
gjennom 250 år

(Av Arnolf Lyngstad)

Fastskolen på Hellbakkom
(Av Einar Hjelde)

Stil fra 1890-årene
(Av Ole Røstad)

Alfabetisk oversikt over alle  artikler i Årbøkenee

Årbokoversikt

LAGT UT PÅ NETT:
05.03.2011

Startsiden Aktiviteter Kulturskatter Lenker Minnesmerker Organisatorisk Publiksjoner

Skolen før og no

Skolen er i dag ein svært viktig del av norsk kultur. No er det slik at di meir kunnskap ein har, di lengre kjem ein fram i verda. Slik var det vel før og, men skolen stod kanskje ikkje så sterkt i samfunnet likevel. Skoletilboda for barna er i dag store, og alle har lik rett til grunnskoleutdanning i 9-årig skole, men var det slik før?

Dette spørsmålet, og fleire, skal vi prøve å få svar på i dette intervjuet. Det er Arthur Myhre, 86 år, som skal stå for det. Han har budd på Øra i all si tid, og er ein «kjent» person innan den lokale pressa. Det vil seie at han har vore intervjuobjekt før. Han er ikkje uvant med å svare på spørsmål frå nyfikne folk som stikk nasen innom og vil høre historie frå gamaltida.

Han er ein travelt oppteken mann, sprek som berre det. Syklar gjer han støtt. Han har vore symaskinreparatør, og tok såleis ofte verktøykassa på bagasjebrettet og sykla rundt til folk som trong ein reparasjon på symaskina si. Han driv enno litt symaskinreparasjon, men berre på hobbybasis, påstår han. Yrket har han ikkje lært på nokon skole, men hos far sin. Minnet er det visst ikkje stort i vegen med, trass den høge alderen. Det får vi berre høyre av dette intervjuet.

Han var ikkje å få tak i med det første. Han var på farten til bassenget, aktiv symjar som han er. Eg måtte kome tilbake seinare, og det ville eg gjerne. Han sat og kosa seg med kaffien den andre gongen eg kom. Bandopptakaren eg hadde med, gjorde visst sterkt inntrykk. Han sa han trudde det var ein støvsugar, og såg nyfiken på han. Så kunne vi byrje.

- Kva meiner du er den største skilnaden på skolen no og før?
- Ja, det var litt av eit spørsmål. Eg veit ikkje riktig kva eg skal svare. Det er så mykje som har forandra seg. Den største forandringa må vel vere at elevane har fått det friare, og dei lærer jo mykje meir. Då eg skulle byrje på det andre spørsmålet, ringte telefonen. Det var ei dame som skulle ha symaskina si reparert, så aktiviteten var vel stor, sjølv om han sa at han hadde trappa ned ein god del. Spørsmålet hadde han ikkje problem med å svare på. Det dreidde seg om grunnskolejubileet i Verdal som hadde vorte feira med stor brask og bram. Han gav klart ut- trykk for at feiringa var i det største laget, men han la til: «Dei slår jo på stortromma same kva det er no til dags, og sparar ikkje på noko». - Kor gammal var du då du byrja på skolen, og kva for årstal var det?

- Det var i 1911, og eg var 8 år, men det var mange som byrja då dei var 7 år.
- Gjekk de på skolen kvar dag, og i kor mange år?
- Nei, vi gjekk annakvar dag, i alt 7 år.
- Kor gjekk du på skolen?
- Her på Øra.

Så kom vi inn på skolevegen, og da lo han litt. Nei, han var visst ikkje særleg lang. Han kunne til og med gå heim og ete middag. Viss han var rask med den, vann han kanskje ein liten tur og, fortalde han.
- Kva fag hadde de i den tida?
- Det var vel dei same som i dag, går eg ut ifra: lesing, skriving, rekning, religion, geografi og naturfag.

Då eg spurde han om kva fag han likte best, hadde eg visst treft eit ømt punkt. Kanskje hadde han ein gong hatt ein draum om å bli lege. Jo, naturfagboka var visst fin å lese i.

- Kva med lekser?
- Det hadde vi mykje av. Ingen kunne hjelpe oss, så vi sluntra nok unna av og til.
Så var vi komne inn på eit svært aktuelt tema på skolane i dag, mobbing. Han vart skarp i stemma og sa at noko slikt fanst ikkje før. Korkje lærarane eller elevane vart mobba i den tida. Ingen torde å kny. Det var noko anna enn no. Alle stod likt i kameratflokken, meinte han.

Så blei han litt betenkt og la til: «Litt skilnad på fattig og rik var det, men det var mest ubetydeleg. Det merkast vel for den som var fattig».
- Hadde de karakterar?
- Nei, og glad er eg for det.

Vidare i intervjuet kom vi inn på respekt for lærarane. Då kvikna han til og mest ropa: «Å, du store verda. Det mangla ikkje på respekten for verken læraren eller foreldra. Det var ikkje som i dag. No har ein ikkje lov å ta i sitt eige born lenger. Det var greitt i den tida då lærarane fekk irettesetje elevane. Lærarane snakka om spanskrøyr og ris, men vi såg aldri til nokon av delane».
- Hadde foreldra og lærarane så god kontakt då som no?
- Nei, det hadde dei ikkje. Dei hadde ikkje møte og slikt då, veit du. Dei snakka med kvarandre når dei møttest tilfeldig, men då mest om ver og vind.

Då eg spurde om kva straff elevane fekk om dei hadde gjort noko gale, friskna minnet til att. Han fortalde at det hende at læraren, når det var riktig gale, reiv enkelte elevar i øyra, eller han kunne slå på dei naseblod. Då hadde foreldra møtt opp på skolen og fått slutt på det, så dei følgde da litt med i kva som foregjekk på skolen.
Så vart vi avbrotne att. Det kom besøk til han Arthur. Gjestfri som han er, måtte han slå av ein prat før vi kunne gå vidare.

- Kva hende viss ein hadde gløymt leksa?
- Læraren blei sint sjølvsagt, og det hende ein måtte stå i skammekroken.
- Var det forskjellige skolar for fattige og rike?
- Ja, det var det, men det måtte vi jo berre ta med. Det var ikkje noko å snakke om at prestesonen og sonen av storbonden i bygda gjekk på høgare skolar. Det var no ein gong slik.

Sistpå i intervjuet kjem vi inn på sykdom i skoletida. No til dags treng ein ei skikkeleg melding frå foreldra om sjukdommen viss ein ikkje vil ha det for skulk. Før var det litt lausare. Ein kunne sjølv melde frå på skolen dagen etter om kva som var gale, og det var ingen fleire spekulasjonar på det. Mange av borna, deriblant Arthur, likte tydelegvis å gå på skolen, og var glade for den utdanninga dei fekk.

- Har du noko meir å leggja til, om skolen 1989, eller ei særskild hending frå skoletida di?
- Jo, det var om vinteren når det var is på vatna. Vi rente på skeiser i kvart friminutt, og for seine til timane blei vi. Læraren vi hadde var ein sinnatagg, og han stod på trappa og venta på oss. Han tok tak i oss, og heiv oss, ein etter ein, inn i klasserommet. Vi hadde det moro med han, og blei litt ekstra seine. Det var mange slike hendingar.

Ein annan lærar vi hadde var da riktig grei. Han var så flink til å slå ball, og han var med oss gutane og jentene i friminutta og lærte oss teknikken særs godt. Fotball spelte vi ikkje, det kom seinare. Ja, eg har mange gode minne frå skoletida, og når eg ein sjeldan gong møter ein klassekamerat, så sit vi der og mimrar. Det var eit eige, viktig kapittel av livet. Eg trur vi hadde ei anna innstilling til skolen før, ja, det var noko spesielt.

Med dette sluttar Arthur, og han vonar vel å få sjå den neste generasjonen, oldeborna sin start på utdanninga mot nye mål, og opp på karrierestigen.

..................................................................
Av
Kristin Egeland. Hentet fra Årbok 1989 (Utsolgt)